Medlemsføremonar:
Føremonane med medlemskap i Norsk Villsaulag (NVL) er nokså likt det som gjeld generelt for organisasjonsmedlemskap:
- Eit felles interesseforum rundt villsau og villsaudrift
- Kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom villsaubønder
- Kunnskapsbase for praktiske, faglege og formelle tema
- Kommunikasjonskanal over for ulike styresmakter, særleg med tanke på formalkrav
- Kunnskaps- og kommunikasjonskanal når det gjelder omsetjing av villsau (slakt, produkt, livdyr)
- Sosialt kontaktnett og sosiale aktivitetar (møter, villsaudagar, seminar, kurs)
Medlemskontingent for direktemedlemmar er kr. 400,- pr. år. For dei som er medlem gjennom eit lokallag, betalar lokallaget kr. 200,- i årskontingent til NVL pr. medlem.
Les også meir om Norsk Villsaulag og vårt virke her.